Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

 

I samanheng med test av befolkningsvarsling torsdag 2. mai, er det utarbeida ei spørjeundersøking. Gi di tilbakemelding her:
https://app.easyquest.com/q/s2L3Q

Fjellskred er sjeldne, men har forårsaka mange av dei største
ulykkene i Noreg. Flest hendingar har det vore på Nordvestlandet.
Fjellskreda varslar seg sjølv ved langvarig utvikling av sprekker og sig i fjellsidene.
Historia fortel oss at det har gått mellom to og fire store skred per århundre i området.
Her er ei oversikt over dei største fjellskreda i nyare tid:
 
 
 

1731 Skafjellet, Stranda

8. januar 1731. Eit fjellskred på fleire millionar kubikkmeter på Remmerfjellet utsletta gardane Uren og Ureneset ved Storfjorden rett nord for Stranda. Skredet laga ein tsunami på meir enn 30 meter. 17 menneske, mellom dei fem småbarn på Uren omkom. Dei fleste av dei omkomne var frå Stranda, der også dei materielle øydeleggingane var omfattande. Kyrkja på Stranda var så øydelagt av bølgjene at ho måtte rivast. Tsunamiane gjorde skade så langt ut som på Abelset i Ørskog, og var sikkert store også innover fjorden til Geiranger og Tafjord, og i dei skriftlege kjelder blir det nemnt at flodbølgjene slo sju mil unna skredstaden. Kjeldene opplyser også at folk i området i lang tid på førehand hadde snakka om ein stor og veksande sprekke om lag 500 meter oppe i fjellet. Det kvite såret i fjellveggen, minnesteinen på Stranda og det nye namnet på fjellet fortel oss om kva som skjedde. Remmerfjellet vart til Skafjellet.

Foto: Iver Gjelstenli
 
 
 

1733 Olden

Stort ras i Olden. Ikkje dokumentert omfang.
 
 
 

1756 Tjelle, Nesset

22. februar 1756. Etter åtte døgn med regnver og flaum kunne folk på Tjelle og i nabobygdene ved Langfjorden i Romsdal høyre uhyggelege dumpe drønn og tordnande buldring. Lyden kom frå det største fjellskredet vi kjenner til frå historisk tid i Norge. 10-15 millionar kubikkmeter stein raste ut i den djupe fjorden. Fjellskråninga i området er ikkje særleg bratt, men fjellskredet fekk stor fart og laga opp til 50 meter høge flodbølgjer i fjorden. Til saman 32 menneske omkom, 168 hus og 196 båtar vart knust av bølgjene.
 
 
 

1934 Tafjorden, Norddal

7. april 1934. 203 år etter fjellskredet på Remmefjellet, 178 år etter Tjellefonna og 29 år etter at den første av Loen-ulykkene (1905) tok 61 menneskeliv, var det folket i Tafjord og Fjøra som stod for tur. Manns minne er kort, og knapt nokon blant folket i dei små bygdesamfunna inst i Storfjorden på Sunnmøre hadde forestilt seg omfanget og konsekvensane av eit fjellskred her inne. I Fjørå hadde folk i mange år snakka om ei stor og stadig veksande sprekke i fjellet bak Langhammaren, og kva som kunne skje om den datt ned.
Men det er lite som tyder på at folk hadde realistiske forestillingar om kor alvorleg det kunne bli. «Kvelden før drog vi båtane langt opp. Det var viktig dersom Langhammaren skulle kome,» blir det sitert av ein mann frå Fjørå. I Tafjord var det knapt nokon som hadde høyrt om Langhammaren.
Klokka 03.08 natt til 7. april 1934 kom Langhammaren og drog med seg Heggeura rett ned i fjorden. Sjølve fjellskredet gjorde ingen direkte skade, men tsunamien som det 3 millionar kubikkmeter store skredet skapte, tok livet av til saman 40 menneske i Tafjord og Fjørå. I tillegg var ei mengd bustadhus, naust og båtar knust og sopa på sjøen. Mellom dei 40 omkomne vart 29 aldri funne att. Dei fekk si grav på botnen av Tafjorden under tjukke lag av vrakgods og sediment.
Foto Iver Gjelstenli
 
 
 

Loen ulykkene i 1905 og 1936

1905 Loen

15. januar 1905. Den første av dei to store Loen-ulykkene. Eit fjellskred frå Ramnefjellet trefte Loenvatnet og ei 40 meter høg tsunamibølgje tok livet av 61 menneske. Raset ødela i alt 60 hus og drap 94 kyr, 10 hester, 145 sauer og 16 griser.
En minnesten ble reist på Nesodden I åra etter 1905- ulykka bygde folk opp att heimane sine, men litt lenger frå Loenvatnet. Det skulle vise seg at dette bygde på ein farleg illusjon.
 
 
 

1936 Loen

31 år seinare enn den fyste Loen ulykka, 12. september i femtida om morgonen, kom det neste store fjellskredet frå Ramnefjellet. Bygdene rundt Loenvatnet vart utsletta for andre gong og 73 menneske miste livet. Flere av de som omkom i ulykken i 1936 var overlevende etter det store raset i 1905
Denne gangen var bølgen så høy at den slo over Nesodden rett imot raset og skuret den ren. Selv om minnesmerket fra 1905 på toppen av Nesodden var støpt fast i fjellet, ble det revet bort.
 
 
 
Kjelde: www.villekrefter.no