Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

Det vert endringar i varslingssystemet for Åknes Tafjord Beredskap IKS. Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS gjorde i sak 08/24 vedtak om at varsling med tyfonar går ut og at desse evnt skal overførast til sivilforsvaret. Dette vil skje frå månadsskiftet mai/Juni.

        PRESSEMELDING.

Det vert endringar i varslingssystemet for Åknes Tafjord Beredskap IKS.
Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS gjorde i sak 08/24 vedtak om at varsling med tyfonar går ut og at desse evnt skal overførast til sivilforsvaret.
Dette vil skje frå månadsskiftet mai/Juni.
Grunnlag for det ikkje vert varsling med tyfon, er at 110-sentralen skal gå over til nyare datasystem, og dagens tyfonar er ikkje tilpassa dette systemet.
Ved nedlegging av tyfonvarsling, vert sikkerheita for bebuarane i området ikkje svekka. Ein har eit påliteleg SMS-varslings system som dekker heile området, samt at det er innført eit nytt nasjonalt varslingssystem (Nødvarsel) som dekker  heile området.
Det vil såleis framleis vere eit godt og sikkert varslingssystem i området.


                                ÅTB IKS
                                Styret.


 

 

  Tittel Oppdatert
Pressemelding 31.05.2024 08:36:37