Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

Åknes Tafjord beredskap IKS si viktigaste oppgåve er å sørgje for at befolkninga får god informasjon og varsling dersom det er fare for eit fjellskred frå Åkneset eller Hegguraksla i Storfjorden. Her kan du lese meir om kordan varslinga føregjeng og sjå evalueringar etter førige varslingstest

Korleis befolkningsvarsling for fjellskred fungerar

For oss i Åknes Tafjord Beredskap IKS er det viktig at befolkninga er kjend med korleis dei blir varsla dersom det skulle være fare for eit fjellskred i Storfjorden. Fara med at Åkneset eller Hegguraksla kan rase ut i fjorden og skape ei flodbølgje har fått mykje fokus. Vi har likevel eit forbetringspotensiale i å gje kunnskap om dei konkrete beredskapstiltaka for dette.
Åknes Tafjord Beredskap IKS har ikkje ansvar for overvaking av fjella. Det er det Staten gjennom NVE som gjær. Geologiske spørsmål må derfor rettast til dei.  
 
Det er viktig å understreke at all beredskap for fjellskred i Storfjorden er basert på kunnskapen om at fjellskred utviklar seg over tid. Langvarig og sakte.  Fjellskreda si forutsigbarheit ligg til grunn for at overvaking, varsling og beredskap gjær hovudelementa i beredskapen mot fjellskred.  Ved å overvake desse bevegelsane vil eit fjellskred kunne varslast. 
 
I bygningsteknisk forskrift § 7-4 er det som vilkår for utbygging satt krav om at fjellskred skal varslast seinast 72 timer på førehand. Den langvarige utviklinga i forkant av eit fjellskred, gjær det mogleg å varsle auka fare for skred, også før dette. Dermed kan det verksettas suksessivt skjerpande beredskapstiltak lenge før eit skred er forventa.
Farenivåa uttrykker aukande sannsyn for fjellskred. Endring av farenivå fastsettast av NVE, med bakgrunn i samla vurdering av tilstanden til det ustabile fjellpartiet.  
 
Lav fare (grøn): Det ustabile fjellpartiet er i langvarig (fleirårig) og jevn bevegelse (mm – cm pr. år). Sesongvariasjonar som følgje av varierande vatn tilførsel eller temperatursyklusar er vanleg. Eit fjellskred i nær framtid er lite sannsynleg. "Nær framtid” vil i dei fleste tilfelle være fleire månadar. For svært bratte fjellsider kan denne tida være nokon veke.
Moderat fare (gul): Bevegelsane i det ustabile fjellpartiet har passert ein terskelverdi over dei typiske sesongvariasjonane. Bevegelsen er venta å vise svak akselerasjon. Det kan ventes ei viss auke av småskred og/eller steinsprang i fjellpartiet. Sannsyn for eit større fjellskred i nær framtid har auka. Beredskapen skal ved dette farenivået være planmessig dimensjonert for å handtere eit skred om éin månad. For svært bratte fjellsider kan denne tida være kortare (veke).
Høy fare (orange): Bevegelsane i det ustabile fjellpartiet har passert ein ny terskelverdi og er forventa å vise en klar akselerasjon. Førekomst av småskred kan forventast å auke. Eit fjellskred i nær framtid er sannsynleg. Beredskapen ved dette farenivået skal være dimensjonert for å handtere eit skred om to veke. For svært bratte fjellsider kan denne tida bli kortare (4-6 døgn).
Ekstrem fare (raud): Bevegelsane i det ustabile fjellpartiet har nådd eit nivå som tilsei at et fjellskred er svært sannsynleg og nært føreståande. I denne fasen er det forventa stor uro i fjellpartiet med daglege småskred, noko som kan føre til at heile eller deler av overvakingssystemet blir satt ut av spill. Beredskapen skal ved overgangen til dette farenivået være dimensjonert for å handtere et skred om 72 timar, og evakuering av heile fareområdet skal kunne gjennomførast i løpet av 12 timer, jf. TEK10 § 7-4.

 

Informasjon og varsling

Dersom bevegelsane i fjellet aukar vil befolkninga få informasjon om dette allereie frå gul faregrad.
Det vil sei fleire veke før eit fjellskred er forventa.  
Det er ønskeleg å nå ut til alle med informasjon om kor dei kan oppdatere seg på situasjonen og vi vil vise til gitte nettsider og andre mediekanalar. Dette vil bli gjort gjentatte gonger gjennom tida fram mot eit fjellskred
Fjorden og enkelte veger kan bli stengte allereie på orange nivå dersom politiet bestemmer det. Her vil ansvarlege aktørar bruke fleire måtar å nå ut med informasjon om dette. For eksempel vil Kystverket varsle fartøy som oppheld seg i fjorden etter sine varslingsrutinar.  
Sårbare verksemder i kommunen, som for eksempel sjukeheimar, vil kunne bli flytta på orange nivå. Dette vil bli informert om på ansvarlege aktørars måte gjennom media, nettsider, med meire.  
 

Varsel til befolkninga

Telefonvarsel

•    Om du oppheld deg i dette område på det tidspunktet vi sender melding skal du få varsel til din mobiltelefon. (også om du kjem inn i område i løpet av dei neste timane etter utsending) Du skal få varsel uansett leverandør og nasjonalitet på mobiltelefonen.  
 
•    Om du har ein telefon som er registrert på ei adresse i dette område skal du også få melding på din telefon, sjølv om du ikkje oppheld deg i område på utsendingstidspunktet.  
Dette er område for utsending av telefonvarsel:

 
Resten av Ålesund kan få varsel ved behov, men det er ikkje sett på som hensiktsmessig i scenario for Åkneset.  
Kommunar som ligger utanfor dette område (Skodje, Sula, Haram) er ikkje medlem av Åknes Tafjord Beredskap og har ikkje fjellskredvarsling gjennom våre system. Spørsmål om korleis det blir varsla i desse kommunane må rettast til kvar enkelt kommune.  
 

Sireneanlegg

ÅTB har 25 sireneanlegg langs Storfjorden.  
Desse er fordelt i kommunane Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog.  (Våre sireneanlegg har ikkje tilknyting til Sivilforsvarets sireneanlegg.)  I løpet av 2018 vil også Sykkylven være dekka med sireneanlegg.  
 
Sireneanlegga er bære meint til bruk i raud faregrad, og er eit supplement til andre, primære kommunikasjons og varslingskanalar.  
Det er sannsynleg at når sireneanlegga blir tatt i bruk, i samanheng med at raset gjeng, skal områda allereie være evakuerte. Det er likevel ei tryggheit blant anna for redningsmannskap som vil opphalde seg i nærleiken av evakueringssona under raud faregrad at det finns sireneanlegg.  
Sireneanlegga vil også kunne brukas dersom anna kommunikasjon ligg nede, som for eksempel brot på telenettet. Sireneanlegga kan setjast i gang både via telenett og VHF nettet.  
Det er ikkje realistisk at sireneanlegga aleine vil kunne varsle alle i tilstrekkeleg grad. Dersom man oppheld seg innandørs kan sirenelyden være for svak til å oppfatte. Vi har ikkje mogelegheit for å nå alle dei som er inne i produksjonslokale. Vi tar likevel imot tilbakemeldingar på stadar der sirenelyden kan bli betre enn den er. På alle testar vi utførar har vi persona ved sireneanlegga som skal evaluere om lyden og talemeldingane har optimal lydkvalitet. Lyden på eit faktisk varsel har noko høgare lyd enn testalarmen.  
Det er viktig for oss å poengtere at sireneanlegga er eit supplement til andre verktøy.  
Ved å både ha mogelegheit til å varsle gjennom media, gjennom telefon, ved å være i område og ved å kunne sette i gang sireneanlegg vil vi til saman kunne føle oss sikre på å nå alle i dei utsette områda.  
 
 
Kommunane i ÅTB har truleg dei mest etablerte systema for befolkningsvarsling i Noreg. Vi vil følgje teknologiens utvikling og vil forbetre systema etter kvart som teknologien utviklar seg på område.  Vi er open for tilbakemelding på befolkninga si oppleving av varslingstestane og skal teste alle system årleg


For å sikre at flest mogeleg blir varsla, nyttar vi register med personar og bedrifter satt saman av data frå ei rekkje kjelder.
Det kan dessverre likavel skje at vi manglar informasjon om deg eller din bedrift.
Frå denne sida kan du sjekke kva opplysningar som er registrert på deg og leggje deg til, eller endre oppføringar https://secure.ums.no/varsling365/index.aspx?a=alerts



 

 

  Tittel Oppdatert
Evaluering etter varslingstest april 2018 23.05.2018 15:40:31