Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

 

I samanheng med test av befolkningsvarsling torsdag 19. april, er det utarbeida ei spørjeundersøking. Gi di tilbakemelding her:
https://app.easyquest.com/q/d2QCo

Det er på nytt tid for å teste systema som skal varsle om fjellskred i Storfjorden. Fleire enn før vil få melding.

I dag sender vi fjellskredvarsel til dei som er i nærleiken av Storfjorden. Mellom klokka 15.00 og 15.30 i dag vil både telefonvarsel og sireneanlegg bli testa. Om du oppheld deg slik at du kan blir råka av ei tsunami bølje frå Åkneset vil du i dag få ei tekstmelding eller ei oppringning til telefonen din. Du treng ikkje å foreta deg noko. 
 
Vi meiner det er betre at fleire får informasjon, enn bære dei som oppheld seg akkurat i evakueringssona. På torsdag vil derfor mange som ikkje før har motteke varsel, få eit varsel til sin telefon. Vi har 25 sireneanlegg langs fjorden som også vil bli testa i dag.  
Etter testen kan du gi oss tilbakemelding her: https://app.easyquest.com/q/d2QCo