Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

Evaluering av befolkningsvarslingstest 31.oktober 2017

Vi takkar for tilbakemeldingar på varslingstesten 31.10.17. Testen som innehald både varsling til telefonar og sireneanlegg gjekk etter planen, og vi ser på den som vellukka. Likevel har vi fått nokre tilbakemeldingar på at enkelte ikkje har fått melding/oppringing. Vi arbeider med å kartleggje dette. I følgje data frå systema nådde vi ut til ca. 97 % av dei telefonane som slo inn i det valte område. Valt område var dei utsette områda i Stranda og Norddal kommune. Nokre faktorar kan spele inn på om man får melding:

- Oppringinga gjeld bære dei telefonane som er registrert på ei adresse i evakueringssona

- Melding blei bære sendt ut til eit begrensa område rundt evakueringssona. Vi vil i etterkant av denne øvinga utvide området for kommande varslingar, slik at større delar eller heile kommunane får varsel.

- På grunn av geografien er forhalda noko utfordrande for systema, og ein kan risikere at telefonane heng igjen på basestasjonar ei lengre tid. Dette gjær at om du kjem inn i eit område, kan det ta tid før systema registrera at du er der.

Dette gjeld særleg telefonar som ikkje er smarttelefonar.

 

På grunn av lov om personvern kan vi ikkje sjekke eit og eit telefonnummer. Vi kan derfor ikkje svare på kvifor eit konkret nummer ikkje fekk varsel. Men ved fleire utsendingar og større område skal vi kunne auke treffsikkeheita på utsendinga.

 

Vi har stor forståing for at befolkninga blir bekymra når dei ikkje mottek melding. Særleg om dei oppheld seg i evakueringssona for flodbølgja. I ei reel hending vil vi sende ut varsel når geologane endra farenivå. Og beredskapen bygg på at dette skal skje fleire dagar før eit ras er venta. Vi vil i denne perioden sende ut fleire varsel og også nytte media aktivt.

Om det skulle bli nødvendig å bruke sireneanlegga blir desse også køyrt fleire gongar.

Resultata fra testen viser at telefonvarslinga ikkje sender til alle dei me ønsker å varsle. Me legg derfor no om systema slik at mykje større område blir varsla. Ved neste test vil du mogelegheit til å svare på ei undersøking om du fikk varsel og kor god/dårleg denne var. Testen vil bli gjort i begynnelsen av 2018. 

Me meinar at kommunane langs Storfjorden har noko av den beste befolkningsvarslinga i landet og vi skal fortsette å jobbe for å utnytte den teknologien som finnes til å nå heile befolkninga med god informasjon dersom det skulle være fare for fjellskred eller andre ønskja hendinga.

Det vil bli lagt opp til å teste befolkningsvarslingssystema kvart år.  

Åknes Tafjord beredskap IKS