Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

Tysdag 31. oktober kl. 15.00 vil du kunne få melding til din telefon og høyre sireneanlegga våre. Vi testar befolkningsvarslinga.

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

Tysdag 31.oktober mellom kl. 15.00 – 16.00, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i Stranda eller Norddal kommune denne dagen, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon. I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune. 

Vi oppfordrar spesielt til å informere barna om denne testen på førehand. Mange unge har eigne mobiltelefonar.  Lyden frå sirenene kan virke skremmande, sjølv om det vil bli tydeleg poengtert at dette er ein test.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS [email protected] / 92251691