Vi bruker cookies på våres nettsider for å bedre brukeropplevelsen og til statistikkformål. Godtar du dette og vil bruke siden som før klikk her, eller les mer.
Kontakt oss

 

I samanheng med test av befolkningsvarsling torsdag 2. mai, er det utarbeida ei spørjeundersøking. Gi di tilbakemelding her:
https://app.easyquest.com/q/s2L3Q

Åknes/Tafjord-prosjektet starta i desember 2004 av kommunane Stranda og Norddal. Kommunane har etter det arbeida saman for å få myndigheiter til å bevilge midlar og å sette fokus på fjellskred. Dei fekk slik etablert overvakinga av fjellpartia. Dette arbeidet har vært piònervirksomheit i fjellskredovervaking og Åkneset er no eit av verdas mest overvaka fjellparti.
 
Første omtale av fjellet var i Sunnmørsposten i 1964. Da hadde ein professor frå Bergen vitja området Per Åkernes vaks opp på Yste Åkerneset, men flytta derifrå i 1957. Når han var tilbake i området var og såg på kor store endringane hadde blitt sendte han i 1985 ei bekymringsmelding og varslar om urovekkjande endringar i Åknesrenna.
 
I juli 1985 skreiv Sunnmørsposten ein ny reportasje. Det vert stilt spørsmål om det kan forårsake ei flodbølgje tilsvarande Tafjord-skredet 7.april 1934, men det vert ikkje sett på som sannsynleg på dette tidspunktet. Eit år seinare undersøker NGI området og setter opp boltar på kvar side av renna. Målingar i etterkant syner at området er i bevegelse.  Det blir dei påfølgande åra monter fleire strekkstag med kontinuerlege målingar.
 


 Foto: Åge Kjølås

Først i 1996 starta Møre og Romsdal fylkeskommune og NGU opp fjellskredundersøkingar i heile Møre og Romsdal.  Disse undersøkingane ga grunnlag for bekymringsmeldinga som fylkeskommunen (i samråd med NGU) sendte til Stranda kommune i desember 2003. Stranda kommune tok meldinga svært alvorleg og satte i gang en prosess for å få utreda fjellpartiet.
I 2004 går alvoret opp for fleire og det konkluderast med at det ustabile fjellpartiet ved Åknes var større enn tidlegare antyda, og at det var naudsynt med omfattande undersøkingar og overvakingstiltak. Same året blei det også oppstarta overvaking av fjellpartiet Hegguraksla i Tafjord og Åknes Tafjord prosjektet blei oppstarta.
Frå 2004 til 2006 blei det satt i gang mange overvakningstiltak. Det blei bygd bunkerar og bora kjerneprøver frå fjellet. Eit senter for drift av installasjonane og samla overvaking blei etablert på Stranda og drifta av Åknes Tafjord prosjektet.
 

 Laboratoriemodellar for skred og flodbølger i Storfjorden.
 
Åknes Tafjord Beredskap Interkommunale selskap vert stifta i 2008. Alle kommunar som er i faresona for å bli ramma av eit fjellskred og påfølgjande flodbølgje, i større eller mindre grad, vert inviterte til å vere med. Selskapet er lokalisert i Stranda kommune, og er i dag eigd av kommunane Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ørsta, Ålesund
 
1. januar 2015 tok Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) over ansvaret for all fjellskredovervaking i Norge.
Tilsette og utstyr overførast frå dei to interkommunale selskapa Åknes Tafjord Beredskap IKS og Nordnorsk fjell overvaking IKS til NVE.
 
Stadig nye instrument for å overvake fjellet har blitt montert sidan Åknesrenna vart definert som eit høgrisiko-objekt. Det er store anlegg som krev omfattande drift og vedlikehald. Ulike instrument dekkjer heile den store fjellsida på ca. 600  x 1.200 meter. For å sikre seg mot at instrument vert øydelagde av ytre påkjenningar, er det nytta fleire ulike overvakingssystem. Posisjonsmåling ved hjelp av navigasjonssatelittar (GPS) gir data om korleis terrenget røyrer på seg. Det vert nytta laser til avstandsmåling, samt ulike radarmålingar, som registrerer rørsler. Strekkstag måler bevegelse over mindre sprekker. Måleinstrument er montert i borehol, som på det meste går 150 meter ned i fjellet. Desse gir data om rørsle, temperatur og vassnivå. Geofonar og seismometer registrerer ulike gradar av seismiske hendingar knytt til rørsler, snøskred, steinsprang og mindre ras i området. Ein fullskala klimastasjon gir informasjon om t.d. nedbørsmengda og snødjupna. Data blir kontinuerleg overført frå fjellet til fjellskred overvakinga hos NVE på Stranda. Fjellskred overvakinga varslar farenivå til beredskapsaktørane der politi, kommunar og fylkesmann er hovudaktørar.
 
 
Foto Åge Kjølås

Det er kommunane som har ansvar for befolkningsvarslinga, og i dag er det ÅTB IKS som driftar telefonvarsling og sireneanlegg, for varsling av bebuarar og besøkande i dei aktuelle områda.  
 
Trusselen frå Åkneset er no almen kjent og innbyggjarane langs Storfjorden har lært seg å leve med trusselbilde i fjella. Etter at filmen Bølgen kom ut i 2015 har fleire andre, også internasjonalt blitt merksam på scenario. Turismen i området har ikkje gått ned av den grunn.
 
Sunnmørsposten laga i 2015 ei reportasje om «fjellet som trugar»:
http://www.smp.no/nyheter/article11469238.ece